Bli med på det offentlige kjernelaget!

Hei, du som jobbar med kommunikasjon i det offentlige eller i UH-sektoren!

Jobbar du som kommunikasjonsrådgivar, nettredaktør eller intranettansvarlig? Kjenner deg igjen i noko av dette?

  • Du opplever at det daglige arbeidet ofte består av brannslokking og silotenkning

  • Du sliter med å få forankring og framdrift for tiltak i digitale kanalar

  • Organisasjonen din har lav digital modenheit og vanskeleg for å prioritere

  • Du saknar ein heiagjeng og eit nettverk av likesinna å spille ball med

  • Du er motivert til å ta eit skikkelig grep for å løfte kvaliteten på det du leverer

Underteikna tar no initiativ til å etablere eit eksklusivt nettverk av offentlege digitalarbeidarar.

Dette “kjernelaget” vil jobbe saman gjennom eit heilt år for å hjelpe kvarandre med å overkome desse hindringane.

Vi skal heie på kvarandre, dele gode idear og løysningar, og saman løfte kvaliteten på dei digitale tjenestene

Medlemsskap i nettverket kostar kr 30.000 eks mva for eit heilt år, og vil mellom anna innehalde:

  • Digitale samlingar, fysiske samlingar og ein felles Slack-kanal

  • Faglig input, case-gjennomganger, nettkurs og felles malar

  • Kursing, drilling og sertifisering i kjernemodellen

  • Faglige djupdykk i brukarbehov, innhaldsstrategi, toppoppgaver, m.m.

  • 5 timar personleg coaching og rådgivning fra Kjernekaren

Høyres dette interessant ut?

Da bør du fylle ut dette heilt fullstendig uforpliktande interesseskjemaet slik at du er sikra plass. Eg gir deg beskjed så snart det blir mulig å melde seg på.

 
Ja, eg er interessert i å bli med på kjernelaget

Meir om konseptet

Vi skal bruke kjernemodellen​

Til å hjelpe oss med å rydde opp i dei digitale kanalane våre skal vi ta i bruk kjernemodellen som metode.

Kjernemodellen er kort sagt ein praktisk metode for å forenkle, prioritere, forankre og få framdrift for tiltak i digitale kanalar.

Kjernemodellen har vore ein hjørnestein i metodikken til digitalbyrået Netlife gjennom dei siste 14 åra, og har blitt brukt til å rydde opp i offentlege tenester som mellom andre DFØ, NMBU, utdanning.no, Oslo kommune og Direktoratet for byggkvalitet.

Modellen fungerer like godt i offentlig som i privat og frivillig sektor, og har blitt brukt i eit hundretals andre prosjekter både i Norge og internasjonalt.

Metoden i seg sjølv er ganske enkel og intuitiv, og har nettopp derfor kraft til å skape brukarorienterte tenester, som også når strategiske mål, på ein slik måte at alle involverte ser verdien og kan bidra til å løfte kvaliteten gjennom å gjere gode prioriteringar.

Målet er at alle i Kjernelaget skal lære seg kjernemodellen til fingerspissane, slik at vi saman kan gjere ein forskjell i måten offentleg sektor tilnærmer seg digitale tenester.

Du kan lese meir om metoden på kjernemodellen.no.

Kjernelaget

Den som tar initiativ til dette nettverket er altså meg, Are Gjertin Urkegjerde Halland, og det er eg som er opphavsmannen til kjernemodellen.

Mitt ønske er å dele mine erfaringar og hjelpe offentlege digitalarbeidarar – som deg – med å ta i bruk modellen for å rydde opp i digitale kanalar.

Derfor inviterer eg deg til å bli med i eit nettverk av likesinna, som vil møtast månedleg for nettverking, diskusjonar og faglig påfyll.

Samlingane vil være digitale og vil vare 1-2 timar. I tillegg legger vi opp til ein eller to fysiske samlingar med eit utvida fagleg program.

Som deltakar får du tilgang til alle mine digitale nettkurs og webinarer, som du kan sjå når du vil.

Her kan du mellom anna ta heile sertifiseringskurset i kjernemodellen, og hvis du ønsker det kan du også bli “sertifisert moderator av kjerneverksted”.

Dette blir du gjennom å gjennomføre ditt eige kjerneverksted og skrive ein kort rapport. Eg vil støtte deg i planlegginga.

Målet er at flest mulig blir sertifiserte i kjernemodellen i løpet av året.

I tillegg til støtte til gjennomføring av sertifisering, får du også 5 inkluderte rådgivingstimar med meg (min normale timepris er 1500 pr time).

Desse timane kan du bruke fritt til coaching, sparring og rådgiving, eller eg kan t.d. bli med i eit møte med styringsgruppa di eller fasilitere ein workshop.

Eg vil også opprette ein Slack-kanal der vi kan diskutere alle slags problemstillingar, og der eg sjølvsagt vil være til stades og svare på spørsmål fortløpande.

OBS! Eg har satt eit tak på 10 deltakarar i denne omgangen. Dette for at vi får god tid til å bli kjent og sette oss inn i kvarandre sine problemstillingar.

Dette får du:

  • Tilgang til eit ekslusivt nettverk av likesinna som har dei same utfordringane som deg

  • Råd og gode innspel til prosjekt og problemstillingar du jobber med

  • Opplæring, drilling og sertifisering i kjernemodellen direkte fra opphavsmannen

  • Månedlige digitale samlingar med faglige innlegg fra Kjernekaren og andre fagfolk

  • Minst ei fysisk samling med eit større fagleg program

  • Tilgang til Slack-gruppe med diskusjon og kontinuerlig oppfølging

  • Tilgang til alle mine nettkurs og webinarer om kjernemodellen, innhaldssentrert design, m.m.

  • Tilgang til malar, presentasjonar og dokumenter i Google docs, Word, Powerpoint, Excel, Airtable, m.m.

  • Muligheit til å gjennomføre heile sertifiseringskurset i kjernemodellen og bli sertifisert fasilitator av kjerneverksted (dette kostar 14.500 eks mva å gjennomføre på IGM)

  • 5 inkluderte coaching/rådgivingstimar med meg (verdi kr 7.500 eks mva)

  • Signert eksemplar av boka om kjernemodellen når den kjem ut (verdi kr 399) og muligheit til å bli nevnt som bidragsytar

Om kjernekaren

Eg har jobba ganske mykje med digitale løysingar for både stat, fylke og kommune opp gjennom åra, mellom anna i mine 13 år som konsulent i Netlife Design.

Gjennom 25 år i bransjen har eg jobba med innhald, innhaldsstrategi, digitalstrategi, kanalstrategi, informasjonsarkitektur, redaksjonell organisering, tjenestedesign, brukaropplevelse og brukarorientert design.

Eg har også gjennomført brukartestar med meir enn 1000 testpersonar.

Det var eg som “oppfant” kjernemodellen som metode i 2006, og i dei siste 14 åra har eg jobba kontinuerlig med å utvikle og finpusse metoden.

Eg skriv i desse dagar på ei bok om kjernemodellen, som vil kome for salg i løpet av 2021.

Det siste året har eg jobba for meg sjølv som “kjernekar”, og har så langt hjulpe mellom andre Kompetanse Norge, NVE, Norges Forskningsråd og Bergen kommune med rydde opp i sine digitale løysingar ved hjelp av kjernemodellen.

Eg holder også kurs og foredrag kjernemodellen, innhaldssentrert design, digital strategi og brukarfokusert metode.

Du kan lese meir om meg her på kjernekaren.no, eller du kan sjekke CVen min her.

Pris og rabattar

Opplegget kostar kr 30.000 eks mva for eit heilt år.

Det blir tilrettelagt slik at du enten kan bruke det du har igjen på fagbudsjettet ditt i inneverande år og/eller ta det på neste års budsjett.

Har du allereie gjennomført sertifiseringskurset på IGM eller hos Kjernekaren får du 10.000 i rabatt.

Melder du på fleire fra samme organisasjon får alle 5.000 i rabatt.

Verver du ein annan deltakar får du 5.000 i rabatt når den du har verva melder seg på.

 

 

Meld din interesse

Høyres dette interessant ut? Da bør du fylle ut dette heilt uforpliktande interesseskjemaet så fort som mulig, så gir eg deg beskjed når det blir mulig å melde seg på.

Bli med på kjernelaget

OBS! Det er maks 10 ledige plassar i første omgang. Hvis vi blir fleire enn det så er det “førstemann til mølla” som gjelder.

Ta kontakt 

Hvis du har spørsmål, så ikkje nøl med å ta kontakt med underteikna. 

Finn eit tidspunkt i kalenderen, så tar vi ein kaffiprat på det :-)

 

Velkomen på det offentlege kjernelaget!

Med venleg helsing

Kjernekaren
Are Gjertin Urkegjerde Halland
kjernekaren.no
kjernemodellen.no
[email protected]
908 70 026