Konsulentsjuka er den tendensen vi som eksterne konsulentar kan ha til å ville 𝐨𝐯𝐞𝐫𝐩𝐫𝐞𝐬𝐭𝐞𝐫𝐞 når vi kjem inn i eit inhouse produktteam. På denne måten risikerer vi å skape meir støy enn verdi.
(Denne posten blei opprinneleg publisert på LinkedIn. Sjekk kommentarane og diskusjonen her.)
Etter godt over 25 år i bransjen, både som konsulent og inhouse, har eg sett og opplevd utallige variantar av dette mønsteret.
Ofte hindrar konsulentsjuka oss i å ta inn over oss utfordringane og bli integrert i teamet sin dynamikk "på ekte".
I staden leverer vi heile tida meir enn nødvendig - ofte til og med ting som ikkje trengs i det heile.
Og vi er veldig utsatte for å "hoppe til løysing" utan å ha det heile og fulle bildet.
Eg er sjølv hardt ramma av konsulentsjuka, men med tida har eg iallefall har lært meg å kjenne igjen mønsteret, og prøver å justere meg deretter.
Lidelsen min har faktisk gått så langt at eg ikkje bør være i eit produktteam over særlig lengre tid.
Min stil passar betre til å kome inn i kortare periodar, bidra med ekspertise, og så trekke meg ut.
Andre er rett og slett betre enn meg på å inngå i ein teamdynamikk og jobbe kontinuerleg over tid.
Men det er meg.
Her er uansett nokre erfaringsbaserte råd til deg som er ramma av konsulentsjuka og skal inn i eit produktteam over kortare eller lengre tid:
👨👨👧👧 Hugs at når du er del av eit team hverken kan eller skal du fikse alt aleine.
❤️ "Soft skills" er minst like viktig som "hard skills" om du vil ha ting gjort.
🧐 Hald litt igjen, porsjoner energien og "pick your fights"
🦻 Vær alltid nysgjerrig, og lytt og lær på EKTE.
🙏🏻 Vær audmjuk - det kan hende at løsninga du ser for deg ikkje er den beste likevel.
🧘 Slapp av! Hugs at produktutvikling er maraton, ikkje spurt.
Men eit stort spørsmål er også:
𝐊𝐨𝐫𝐥𝐞𝐢𝐬 𝐟å𝐫 𝐝𝐮 𝐭𝐢𝐥 𝐚𝐥𝐭 𝐝𝐞𝐭𝐭𝐞 𝐮𝐭𝐚𝐧 å 𝐦𝐢𝐬𝐭𝐞 𝐝𝐞𝐧 𝐯𝐞𝐫𝐝𝐢𝐟𝐮𝐥𝐥𝐞 "𝐤𝐨𝐧𝐬𝐮𝐥𝐞𝐧𝐭𝐞𝐧𝐞𝐫𝐠𝐢𝐞𝐧"?
PS! Takk til Mona Sverrbo Halland for inspirasjon til dette innlegget 😍