PÅ BESTILLING

TESTSHOW! Få teamet ditt hekta på kontinuerlig brukarinnsikt

Kjenner du at brukartestinga står i stampe? Slit teamet med å etablere gode rutinar for kontinuerleg brukarinnsikt?

 

Testshow er ein praktisk prosess og ein 2-timars workshop der eg hjelper teamet ditt med å:

​

  • Kome raskt i gang med umoderert brukartesting

  • Sjå verdien av kontinuerleg brukarinnsikt

  • Etablere enkle og bærekraftige rutinar​

​

Show, don’t tell!

​

Testshow byggjer på eit enkelt prinsipp: Ingenting er meir overtydande enn å sjå ekte brukarar interagere med produktet ditt.

 

I staden for teori og presentasjonar, observerer vi “gullklipp” frå brukartestar av nettsida eller produktet ditt. Vi analyserer resultata saman, utarbeider konkrete tiltak og legg planar for å sette testing i system 

​

Typisk prosess:

​

  1. Kartlegging: Vi går gjennom kva som er dei største utfordringane i ditt team / din organisasjon

  2. Gullklipp: Vi ser gjennom opptak av eksisterande testar, og gjennomfører eventuelt nye for å finne “gullklipp”

  3. Observasjon: Vi observerer og diskuterer gullklipp i teamet, og identifiserer konkrete tiltak og oppfølging

  4. Diskusjon: Vi oppsummerer verdien av brukarinvolvering saman, og avtalar tidspunkt for neste sesjon

  5. Oppfølging: Vi etablerer enkle, repeterbare prosessar for rekruttering, gjennomføring og observasjon

​

Når vi har fått teamet/organisasjonen hekta på kontinuerlig brukarinnsikt kan vi gradvis utvide til moderert testing, kundeintervjuer og andre kvalitative metodar.

​

Passer for deg som:

​

  • Har verktøy for brukartesting (som Testflow) men får det ikkje til å fungere optimalt

  • Slit med å få heile teamet/organisasjonen engasjert i brukarinnsikt

  • Har behov for å etablere kontinuerlege testar i staden for store, sporadiske prosjekt

  • Vil ha rask verdi av investeringane dine i brukarinnsikt

​

Testshow passar spesielt godt for:

​

  • Produktteam med 6-20 medlemmar

  • Digitale avdelingar i endringsprosessar

  • Verksemder som har investert i brukarinnsikt men manglar systematikk

​​

Kvifor få ekstern hjelp til dette?

​

​Du kan veldig gjerne kjøre Testshow på eiga hand! (Sjekk foredraget mitt fra Yggdrasil for tips og tricks). Men erfaringsmessig kan det være litt vanskeleg å være “profet i eige land”, og ofte kan det gi større gjennomslag å få inn eksterne (som meg).

​​

Eg har over 20 års erfaring med metodar og formidling av kontinuerleg brukarinnsikt, og var m.a. ansvarleg for ukentleg brukartesting (Testonsdag) i 4 år for Netlife Design. 

​

Garanti

 

Om teamet ditt ikkje blir meir engasjert i brukarinnsikt etter eit Testshow, betalar du ingenting.
​

Interessert?​

 

Book ein kaffiprat eller send meg ein epost, så finner vi ut korleis vi kan få ditt team hekta på kontinuerleg brukarinnsikt!