Datadriven kundeinnsikt og toppoppgaver med Skyra
Eg jobbar tett saman med Skyra, og kan hjelpe deg i gang med å måle toppoppgaver og gjennomføringsgrad for nettsidene dine.
Du vil vel unngå å styre nettsidene dine i blinde?
​
Skyra er eit norskutvikla verktøy for datadriven kundeinnsikt. Sjølve ordet “skyra” er islandsk og betyr “å avklare”.
Det kan nemlig være utfordrande å prioritere ressursane riktig i arbeidet med digitale flater, og om konkrete tiltak faktisk resulterer i auka kundetilfredsheit.
​
Skyra gjer det enkelt å
​
-
få oversikt over kva som er viktigast for sluttbrukarane
-
prioritere gode tiltak og samarbeide for å nå måla
-
redusere risikoen for å bruke tid og ressursar på feil ting
-
rapportere brukaropplevingar og resultater på ein måte som skaper forståing og tydeligheit på tvers av verksemda
​
Gjennom målretta undersøkingar på nettsidene samlar verktøyet svar om kva som er brukarane sine viktigaste oppgaver, og om dei faktisk får løyst desse.
Det er også mulig å stille andre spørsmål eller å rekruttere testpersonar til brukartest.
Alle svar og rapportar blir vist i eit oversiktleg dashboard, samtidig som GDPR og personvern blir ivaretatt.
Toppoppgaver og gjennomføringsgrad er berre første skritt på vegen for Skyra. Utviklinga går raskt, og på vegkartet framover står mellom anna AI-analyse og integrasjon med andre verktøy.
​
Nysgjerrig?
Vinmonopolet, Miljødirektoratet og Fjord Norway er godt i gang allereie i gang med pilotsamarbeid. Det er kanskje på tide at du også sjekkar ut Skyra?
​
Book ein demo/kaffiprat eller ta kontakt på are@kjernekaren.no, så viser eg deg korleis det fungerer.