top of page

22.-23. APRIL ELLER PÅ BESTILLING

Smidig brukartesting

Enkle og effektive metodar for tverrfaglige produktteam

Lær det du treng å vite for å brukarteste digitale produkter og tenester - enkelt og effektivt!

Ville du turt å lansere eit digitalt produkt utan å teste om koden fungerer? Det er minst like viktig å teste om kunden får til å bruke det.

Derfor bør du brukarteste

Brukertesting er det enklaste og mest effektive verktøyet som finst for å kvalitetssikre og forbedre digitale produkter og tjenester.

På dette kurset lærer du deg metodikken, dei enkle verktøya du treng, og fallgruvene du må unngå. Vi jobbar praktisk med brukartesting av eit konkret produkt, og øver på alle fasane i gjennomføring.

Dette lærer du:

  • Kva er brukartesting og kvifor det er lurt

  • Kva skal du teste, når skal du teste og korleis skal du teste

  • Rekruttering, intervjuteknikk, moderering og observasjon

  • Automatisert og moderert digital fjernetesting

  • Geriljatesting på eit møterom, på gata eller kvar som helst

  • Dokumentasjon og prioritering av tiltak

Kurset passer for alle som jobbar med digital produkt- og tenesteutvikling, og som er interessert i at folk skal forstå og bruke det dei lagar.

Både nybegynnarar og dei som har gjennomført ein del brukartesting frå før vil ha godt utbytte av kurset.

Kurset kan tilpassast til å gå over enten ein eller to dagar.

“Eit veldig effektivt kurs i brukartesting. Ein lærer mykje om dei forskjellige rollene innan brukertesting og ein praktisk del av kurset gjer at ein får utøvd desse rollene i fleire scenario. Anbefales på det sterkaste!”

Birgit Hestnes Kofoed, Corporater

Åpent kurs hos IGM 22.-23. april

Eller vil du ha eit skreddarsydd internkurs til teamet ditt?

Book ein kaffiprat, ring meg på 908 70 026 eller send epost til are@kjernekaren.no, så finner vi ut av det :-)

bottom of page