top of page

TESTSHOW! Få teamet ditt hekta på kontinuerlig brukarinnsikt

PÅ BESTILLING

Kjenner du at brukartestinga står i stampe? Slit teamet med å etablere gode rutinar for kontinuerleg brukarinnsikt?

 

Testshow er ein praktisk prosess og ein 2-timars workshop der eg hjelper teamet ditt med å:

  • Kome raskt i gang med umoderert brukartesting

  • Sjå verdien av kontinuerleg brukarinnsikt

  • Etablere enkle og bærekraftige rutinar

Show, don't tell!

Testshow byggjer på eit enkelt prinsipp: Ingenting er meir overtydande enn å sjå ekte brukarar interagere med produktet ditt.

 

I staden for teori og presentasjonar, observerer vi "gullklipp" frå brukartestar av nettsida eller produktet ditt. Vi analyserer resultata saman, utarbeider konkrete tiltak og legg planar for å sette testing i system 

Typisk prosess:

  1. Kartlegging: Vi går gjennom kva som er dei største utfordringane i ditt team / din organisasjon

  2. Gullklipp: Vi ser gjennom opptak av eksisterande testar, og gjennomfører eventuelt nye for å finne "gullklipp"

  3. Observasjon: Vi observerer og diskuterer gullklipp i teamet, og identifiserer konkrete tiltak og oppfølging

  4. Diskusjon: Vi oppsummerer verdien av brukarinvolvering saman, og avtalar tidspunkt for neste sesjon

  5. Oppfølging: Vi etablerer enkle, repeterbare prosessar for rekruttering, gjennomføring og observasjon

Når vi har fått teamet/organisasjonen hekta på kontinuerlig brukarinnsikt kan vi gradvis utvide til moderert testing, kundeintervjuer og andre kvalitative metodar.

Passer for deg som:

  • Har verktøy for brukartesting (som Testflow) men får det ikkje til å fungere optimalt

  • Slit med å få heile teamet/organisasjonen engasjert i brukarinnsikt

  • Har behov for å etablere kontinuerlege testar i staden for store, sporadiske prosjekt

  • Vil ha rask verdi av investeringane dine i brukarinnsikt

Testshow passar spesielt godt for:

  • Produktteam med 6-20 medlemmar

  • Digitale avdelingar i endringsprosessar

  • Verksemder som har investert i brukarinnsikt men manglar systematikk

Kvifor få ekstern hjelp til dette?

​Du kan veldig gjerne kjøre Testshow på eiga hand! (Sjekk foredraget mitt fra Yggdrasil for tips og tricks). Men erfaringsmessig kan det være litt vanskeleg å være "profet i eige land", og ofte kan det gi større gjennomslag å få inn eksterne (som meg).

​​

Eg har over 20 års erfaring med metodar og formidling av kontinuerleg brukarinnsikt, og var m.a. ansvarleg for ukentleg brukartesting (Testonsdag) i 4 år for Netlife Design. 

Garanti

 

Om teamet ditt ikkje blir meir engasjert i brukarinnsikt etter eit Testshow, betalar du ingenting.

Interessert?

 

Book ein kaffiprat eller send meg ein epost, så finner vi ut korleis vi kan få ditt team hekta på kontinuerleg brukarinnsikt!

Abonner på nyheitsbrevet

Bli den første til å få oppdateringar om toppoppgaver, kjernemodellen, nye malar, fagartiklar, kurs og sprell frå Kjernekaren :-)

Kjernekaren - kurs, fasilitering og uavhengig rådgjeving frå mannen bak kjernemodellen. Spør meg om toppoppgaver og datadriven kundeinnsikt!

Ta kontakt

bottom of page