top of page

Skyra forprosjekt

Ein praktisk prosess for å innføre Skyra og toppoppgavemåling i organiasasjonen.

Ein fare ved innføring av kraftige verktøy som Skyra er at det berre blir “enda eit tall”, som ikkje er forankra i organisasjonen.

 

Dermed kan ein viktig del av effekten ved målstyring av nettsider og kontinuerlig forbetring utebli.

For å fullt utbytte av Skyra er anbefaler eg difor å kjøre eit forprosjekt for analyse av situasjonen, oppsett av verktøyet, forankring i organisasjonen og anbefaling for vidare prosess.

Som Skyra-partner og konsulent med 25+ års erfaring med digital strategi, design og produktutvikling kan eg bidra til dette.

Her er prosessen eg anbefaler:

Analyse og oppstart

Eg setter meg inn i eksisterande brukarinnsikt og strategiar, og vi gjennomfører eit oppstartsmøte der vi avklarar forventningar og tekniske og organisatoriske forutsetningar. Vi planlegger også ein forankringsprosess for kven som skal/bør involverast og når. 

Ein viktig del av dette er prioriteringsverkstedet (sjå nedanfor), der vi ønsker å ha med både relevante beslutningstakarar og folk i organisasjonen som sit på viktig brukarinnsikt. Vi setter difor datoen for verkstedet i oppstartsmøtet, slik at vi kan sikre at folk kan sette av tid til å være med.

Discovery survey

Eg anbefaler at vi så raskt som mulig kjem i gang med ein forundersøkelse (Discovery Survey) for å samle fritekstsvar til analyse.

Så fort vi får inn svar frå Discovery kan vi starte analysen. Vi tolkar og tagger svar som kjem inn fortløpande, og justerer om nødvendig på undersøkelsen.

Top task survey

Når vi har tilstrekkeleg grunnlag frå Discovery survey kan vi sette opp sjølve toppoppgaveundersøkelsen, der vi også måler gjennomføringsgraden for kvar oppgave.

Det er viktig at kategoriane i denne undersøkelsen er intuitive og godt gjennomtenkte, slik at det er lett for brukarane å svare og vi får eit godt grunnlag for måling og forbetring over tid.

Difor ser vi også på andre innsiktskjelder som webstatistikk, søkelogg, søkeordanalyse og henvendelsar til kundeservice, og brukar informasjonsarkitektur-metodikk for å sette opp kategoriar.

Toppoppgavemålinga blir kontinuerlig moniterert og fulgt opp i prosjektperioden.

Prioriteringsverksted

Som ein del av prosessen gjennomfører vi eit 2-3 timars prioriteringsverksted for å forankre prioriteringar og sette retning for vidare måling og kontinuerlig forbetring.  

 

Prioriteringsverkstedet er eit strukturert workshopformat utvikla av underteikna, der vi går systematisk gjennom:

 

  1. Eksisterande brukarinnsikt - Vi går gjennom funn frå Discovey / Top task og ser dette i samanheng med eksisterande kvalitativ og kvantitativ brukarinnsikt, som kundeservice-loggar, webstatistikk, brukartestar, dybdeintervjuer, osv.

  2. Overordna strategi - Vi ser på den overordna strategien for organisasjonen og setter denne i samanheng med tenestene vi jobbar med.

  3. Mål for løysinga - Vi lagar ein mikrostrategi for dei viktigaste tenesteområdene, med ein overordna ambisjon og målbare nøkkeltal.

  4. Prioriterte målgrupper - Vi går gjennom og prioriterer dei viktigaste målgruppene for løysinga.

  5. Kobling av målgrupper og brukaroppgaver - Vi koblar målgruppene med innsikt om brukaroppgaver / toppoppgaver.

  6. Valg av viktigste områder å fokusere på - Vi fullfører koblingane og prioriterer dei viktigaste oppgavene/kontaktpunktene/kjernene som vi bør jobbe med i den vidare prosessen.

 

Etter prioriteringsverkstedet vil vi ha ei tydelig prioritering for vidare arbeid og kontinuerleg forbetring. 

Konklusjon og anbefalingar

Når prioriteringsverkstedet er gjennomført og toppoppgavemålinga har pågått tilstrekkeleg lenge, presenterer eg funn, anbefalingar og konkrete forslag til tiltak og vidare prosess.

Summen av dette er at de sit igjen med

  • ei god analyse av dagens løysing

  • overordna prioriteringar utfra brukarbehov og strategi

  • konkrete forbetringsforslag på kort og lang sikt

  • eit velfundert forslag til vidare prosess for kontinuerlig forbetring

  • eit godt grunnlag for å vurdere om de ønskar å fortsette med Skyra 
     

Som del av sluttanbefalinga vil eg også foreslå ulike måtar de eventuelt kan jobbe vidare i samarbeid med Skyra og meg. 

 

Eg bestreber meg på å gi uavhengige råd. Dersom situasjonen tilseier at de heller bør jobbe på andre måtar, kan eg også kome med anbefalingar til andre samarbeidspartnarar.

 

Forprosjektet vil med andre ha stor verdi uavhengig av om de velger å fortsette samarbeidet eller ikkje.

1-1 rådgjeving

I tillegg til forprosjektet kan vi også avtale eit antal timar for 1-1 effektiv, digital rådgjeving/sparring om temaer som målstyring/OKR, innhaldsmodellering,  innhaldsstrategi, team-organisering, osv.

Prisantydning: 85-100.000 eks mva

Ta kontakt på mobil 908 70 026, epost are@kjernekaren.no eller book ein kaffiprat, så finner vi ut av det :-)

max.png
bottom of page