top of page

KICKSTART-PAKKE

Kom i gang med kontinuerleg brukarinnsikt

Utan reell brukarinnsikt styrer du i blinde. Du risikerer å bruke tid og ressursar på feil ting, medan brukarane slit med problem du ikkje kjenner til.

Og hugs at AI aldri kan erstatte reell brukarinnsikt

Med systematisk brukarinnsikt får teamet ditt:

  • Tryggare beslutningar basert på fakta, ikkje synsing

  • Djupare forståing for brukarane sine behov

  • Tidleg varsel om problem før dei blir for store

  • Dokumentert effekt av endringane de gjer

  • Felles forståing for kva som faktisk er viktig

Kom i gang
Eg kan hjelpe teamet ditt å etablere enkle prosessar som fungerer i ein travel kvardag.

Dette får du

  • Skreddarsydd opplegg basert på teamet sin modenheit og behov

  • Praktisk kompetanseheving gjennom brukartestar og intervju

  • Enkle verktøy og malar for vekentleg brukarinnsikt

  • Forankring i heile teamet

  • Tydeleg dokumentasjon av effekt

Slik går vi fram

  1. Kartlegging Vi startar med å evaluere dagens praksis og modenheit, identifiserer konkrete forbetringsmoglegheiter og set tydelege mål. Målet er å etablere ein fast rytme med brukarinnsikt.

  2. Opplæring: Gjennom kurs/workshops tilpassa teamet sine behov får de praktisk erfaring med både brukartestar og brukarintervju. Vi etablerer dei første rutinane og bygger kompetanse.

  3. Pilot og rutinar: Teamet gjennomfører sjølv med mi støtte. Vi kombinerer ulike metodar for innsikt, etablerer faste vekerutinar som funkar, og bygger momentum.

  4. Oppfølging: Eg sikrar at rutinane blir følgt, justerer basert på erfaringar og lager ein solid plan for vidare arbeid. Alt blir dokumentert slik at de kan vise til konkrete resultat.

Kvifor velje meg? Med over 25 års erfaring med brukarinnsikt og metodeutvikling veit eg kva som fungerer i praksis. Som uavhengig rådgivar kan eg hjelpe dykk å finne dei metodane og verktøya som passar best for akkurat dykk.

For deg som...

  • Er produktleiar som vil jobbe meir brukarorientert

  • Har ansvar for digitale kanalar og vil auke digital modenheit

  • Treng hjelp til å få med heile teamet på brukarinvolvering

  • Ønsker å kople brukarinnsikt mot OKR og andre prosessar

Relaterte tenester

  • Kjerneverksted og prioriteringsverksted

  • Moderert brukartesting

  • Ekspertevaluering

  • Continuous Discovery coaching

Kurset er basert på boka "Kjernemodellen - et praktisk verktøy for å lage bedre digitale tjenester" (Halland og Halland, Kraft forlag, 2021)

Abonner på nyheitsbrevet

Bli den første til å få oppdateringar om toppoppgaver, kjernemodellen, nye malar, fagartiklar, kurs og sprell frå Kjernekaren :-)

Kjernekaren - kurs, fasilitering og uavhengig rådgjeving frå mannen bak kjernemodellen. Spør meg om toppoppgaver og datadriven kundeinnsikt!

Ta kontakt

bottom of page