top of page

Are Halland - AKA "Kjernekaren"

Hei, Are her!
 

Eg har 25 års erfaring med digital design, kommunikasjon, strategi og produktutvikling. Mellom 2006-2018 jobba som rådgjevar i Netlife Design. I 2019 jobba eg som konseptuviklar i UX- og innovasjonsavdelinga i FINN.no, før eg starta for seg sjølv som “Kjernekaren” i 2020. 

 

No jobbar eg med strategisk rådgjeving og konseptutvikling, og held foredrag, kurs og workshops i brukarsentrert strategi, kommunikasjon og design.

Saman med kona mi har eg skrive boka "Kjernemodellen - et praktisk verktøy for å lage bedre digitale tjenester" (Kraft forlag, 2021). Boka kjem straks på engelsk med tittelen "The Core Model - A Common Sense Approach to Digital Strategy and Design".

 

Det var eg som lanserte kjernemodellen i 2006, og dei siste 15 åra har eg vore med på å teste ut og videreutvikla modellen i eit hundretals prosjekter gjennom Netlife Design, FINN.no og Kjernepar AS.

 

Kjernemodellen blir brukt av store og små organisasjonar over heile verda, inkludert DNB, Oslo kommune og gov.uk. Sidan 2006 har den vært ein hjørnesteinsmetodikk i digitalbyrået Netlife Design. Les meir på kjernemodellen.no og thecoremodel.com.

 

Gjennom ei lang karriere som konsulent har eg erfaring frå hundrevis av prosjekter gjennom digitalbyråene Origo, Neo Interaktiv, IconMedialab, WM-data, Netlife Design og inhouse i FINN.no.

Eg er ein av landets mest erfarne brukartestmoderatorar, og har kjørt brukartestar med godt over 1000 testpersonar dei siste 20 åra.

 

Eg har også undervist i emner knytta til digital strategi, marknadsføring, UX-design, tenestedesign, informasjonsarkitektur og innhaldsproduksjon ved BI, AHO, Kristiania, OsloMet og Høgskulen i Volda. 

Kontaktinformasjon

+47 908 70 026

are@kjernekaren.no

Følg meg på LinkedIn

Book ein kaffiprat

Are Halland

Podcastar

Eit utval av podcastar eg har gjesta i det siste:

Episode 25 – Strategic content design for people and machines w/ Are Halland

OmnichannelX podcast, with Noz Urbina

Episode 108: Are Halland - The Core Model

The Content Strategy Insights Podcast, with Larry Swanson

Episode 53: Are Halland - Understanding and using the core model

The Content Strategy Podcast, with Kristina Halvorsen

Fleire podcastar

Sjå også

Kjernekaren - WTF!?!

Forretningsstrategi med kjernemodellen

bottom of page