Manifest
Kontroll på KI — for kunnskapsarbeidarar
Eit prinsipprogram for kontekstarkitektur.
Kven dette er for
For deg som jobbar med KI kvar dag. Du skjønar at det er nyttig, men slit med å finne forma. Du leitar etter den perfekte prompten, men resultata varierer. Du treng ikkje fleire verktøy. Du treng eit system.
For deg som leiar folk som brukar KI. Du ser at folk eksperimenterer — men ingen gjer det likt. Strategien din forsvinn i siloar. Det du treng er ein arkitektur som sikrar at KI-verktøya drar i same retning, utan mikrostyring.
For deg som er skeptisk. Du kan hate KI. Men om du ikkje har brukt det — verkeleg brukt det — kan du ikkje forstå det eller påverke retninga. Å sitje på sidelinja er å overlate kontrollen til andre.
Kva eg trur på
1. Den perfekte prompten finst ikkje. Prompten er ikkje problemet — det er kvar du startar. Det som trengst er eit system der KI-en allereie veit det den treng å vite — kvar gong.
2. Eit system som fungerer, kvar dag. Eit promptbibliotek er ei oppskriftsbok du aldri lagar mat av. Eit system er eit kjøkken som fungerer. Kvar dag.
3. Arkitektur, ikkje "engineering". Prompt engineering held fagfolk utanfor. Eg kjem frå informasjonsarkitektur: riktig informasjon, rett stad, rett tid. No gjeld dei same prinsippa for ein ny brukar: språkmodellen.
4. KI "gløymer" — og det er eit kontekstproblem. Kvar samtale startar på null. Løysinga er ikkje ein lengre prompt. Det er ein arkitektur som hugsar.
5. KI forsterkar, men du bestemmer. KI er ein forsterkar. Den kan gjere deg betre på det du er god på — eller forsterke feila du ikkje visste du hadde.
6. Kvalitet er ein arkitektur, ikkje flaks. Workslop er polert innhald utan substans. Anti-workslop er eit designval: kvalitetsportar, verifikasjon, evaluering.
7. KI lyg, men ansvaret er ditt. KI hallusinerer — og det er noko vi må kjempe mot, kvar dag. Bygg ikkje som om KI alltid har rett.
8. Styring og kontinuerleg forbetring. Definer kva du vil før KI-en startar. Etter kvar oppgåve: kva lærte vi, og kor skal innsikten lagrast?
9. Det du ikkje deler, kan ikkje skalerast. Kontekstarkitektur gjer taus kunnskap eksplisitt — så heile teamet kan jobbe like godt.
10. Modelluavhengigheit er ein disiplin. Systemet mitt flyttar med meg. Til Gemini, til Mistral, til kva som helst. Prinsippa overlever leverandørbyte.
11. Du er sjefen — KI er ein medarbeidar. Leiarar set retning, delegerer ansvar og kontrollerer resultat. Det er forskjellen mellom ping-pong-prompting og eit system som fungerer.
12. Bærekraft er designvalg. KI brukar store mengder vatn og energi. Bruk tyngre modellar der det tel, lettare der det held.
13. Kvardagsinnovasjon er målet. Målet er at vi brukar KI til å bli betre dag for dag. Start. No.
Kva eg byggjer
Eit system der KI spelar deg god — og omvendt. Der KI-en kjenner konteksten din, du kan delegere utan å mikrostyre, kvaliteten er konsistent, og alt er portabelt. Eg kallar det for kontekstarkitektur.
Kven eg er
30 år med strategi, UX, innhaldsdesign og informasjonsarkitektur. 3 år med eksperimentering og utforsking av kontekstarkitektur. Eg har gjort det før med kjernemodellen. No gjer eg det same med kontekstarkitektur.
Vil du vite meir?
Book ein kaffiprat