DIGITALT KURS - PÅ FORESPØRSEL

Skriv med KI, for KI og menneske

​Opplever du at:

  • Innhaldet ditt plutseleg er blitt usynleg i ChatGPT og Google overview?

  • Du er grunnleggande forvirra over begrep som GEO/LLMO/AIO?

  • Når du bruker ChatGPT som skrivehjelp blir det generisk robotspråk?

ChatGPT har endra korleis folk søker informasjon, men veldig mykje er fortsatt ved det same:​

  • Folk har fortsatt dei same spørsmåla og brukaroppgavene

  • Brukarvennleg, strukturert klarspråk er akkurat like viktig

  • Du vil fortsatt oppnå effekt med innhaldet ditt

På dette kurset lærer du å skrive innhald som KI forstår og formidlar korrekt, samtidig som det engasjerer menneske – pluss korleis du sjølv kan bruke KI som skriveassistent på ein smart måte.

Kurset er praktisk og handlingsorientert, og du jobbar med reelle eksempel frå eigen arbeidskvardag.

Du lærer å

  • optimaliser innhaldet ditt for både for KI-søk og direkte bruk

  • bruke KI som skrivepartnar utan å miste di eiga stemme

  • utvikle kontekstarkitektur som reduserer hallusinering

  • skrive brukarvennlig, personlig innhald som treffer hjarte og algoritmer

  • svare på spørsmål og brukaroppgaver, same kvar folk leiter etter det

  • optimalisere innhaldet ditt for både mennesker og maskiner

  • bruke kjernemodellen som utgangspunkt og rammeverk

  • velje rett verktøy til rett oppgåve – når bruke KI, når stole på deg sjølv

Kurset passar for alle som

  • ønskar å lage digitalt innhald som funker for KI og mennesker

  • har prøvd å bruke KI som skrivehjelp, men er misfornøgd med resultata

  • ønsker å være i forkant av utviklinga, ikkje henge etter

I ei tid der KI fungerer som mellomledd mellom innhaldet ditt og brukarane dine, lærer dette kurset deg den doble kunsten: Å skrive for KI, med KI, utan å miste det menneskelege.​

Om kurshaldaren

Are Halland har jobba med digitalt innhald og brukaroppleving i godt over eit kvart århundre, og har hjulpe hundrevis av organisasjonar med å lage digitalt innhald som faktisk fungerer. Han er opphavsmann til kjernemodellen og forfattar av boka "Kjernemodellen", og sidan 2022 har han jobba intensivt med skjeringspunktet mellom KI og innhaldsarbeid.

Lær å lage digitalt innhald som fungerer like godt for maskiner som mennesker – og korleis du kan bruke KI som skrivehjelp utan å miste di eiga stemme.