TOPPOPPGÅVER OG BRUKARINNSIKT
Slutt å styre nettsidene i blinde
Mange verksemder brukar store ressursar på nettsidene sine utan å vite kva brukarane kjem for å gjere, eller om dei får det til. Då er det fort synsing frå leiinga og fagavdelingane som styrer prioriteringane.
Toppoppgåvene gir deg eit betre grunnlag. Eg har samarbeidd tett med Skyra sidan 2023, og hjelper deg å sette opp undersøkingane, tolke svara og gjere innsikta om til betre nettsider.
Oppsett og tolking av toppoppgåver
Skyra gjer det enkelt å spørre brukarane «Kva kom du for å gjere?» og «Fekk du gjort det?». Men svara blir aldri betre enn spørsmåla, og tala må tolkast for å bli nyttige.
Eg hjelper deg med heile løpet:
- ei forundersøking (Discovery) der brukarane svarar med eigne ord
- oppgåvekategoriar på brukarane sitt eige språk
- oppsett av sjølve toppoppgåveundersøkinga
- tolking av resultata, saman med det du veit frå før: webstatistikk, søkelogg, kundeservice og tidlegare innsikt
Då blir målinga eit verktøy for å prioritere, og ikkje berre endå eit tal i ein rapport.
Få meir ut av Skyra
Toppoppgåver er berre starten. Eg kjenner Skyra godt og hjelper deg å ta i bruk heile verktøyet:
- tilbakemelding rett på enkeltsider og funksjonar, til dømes «Fann du det du leita etter?», med tiltakskort til dei som skal fikse
- korte brukarundersøkingar på nettsida, retta mot rett side og rett målgruppe
- frittståande undersøkingar som du sender ut på lenke
- rekruttering til eit eige testpanel
- nye funksjonar etter kvart som dei kjem
Brukartest med ekte brukarar
Toppoppgåvemålinga viser kvar brukarane strevar. Brukartesten viser kvifor.
Ein brukartest er ei mest mogleg realistisk simulering av korleis reelle brukarar løyser reelle oppgåver. Dei rette å teste på er dei tenesta er laga for. Med Skyra kan vi rekruttere dei direkte frå nettsidene dine, og bygge opp eit eige panel til seinare testar.
Testoppgåvene bygger vi på toppoppgåvene. Ein moderert test går typisk i tre fasar:
- eit kort intervju om bakgrunn og behov
- testing av dei viktigaste oppgåvene
- avrunding der testpersonen oppsummerer og kjem med forslag
Jo fleire som ser på, jo betre. Prosjektgruppa og andre interessentar følger testen frå eit anna rom, og mellom kvar test blir vi einige om kva problema er og kva som må fiksast. Fire-fem testpersonar er som regel nok til å finne dei viktigaste bruksproblema.
Eg samarbeider også med Testflow om testar på nett, både umodererte, der deltakarane løyser oppgåvene på eiga hand og vi går gjennom opptaka etterpå, og modererte.
Du får ein kort rapport med dei viktigaste funna og konkrete tiltak. Mykje kan de ofte fikse med ein gong. Eg har moderert brukartestar med godt over 1000 testpersonar.
Prioritering og kjerneverkstad med Kjernemodellen
Innsikt har lite verdi før den endrar kva de faktisk jobbar med. Alle gode strategiar handlar om å velge bort, og toppoppgåvene er den naturlege staden å begynne.
Kjernemodellen er eit praktisk rammeverk eg har utvikla for å lage betre digitale tenester. Den består av eit enkelt canvas (kjerneark), eit effektivt workshopformat (kjerneverkstad) og ein praktisk filosofi for tverrfagleg samarbeid. Ei viktig toppoppgåve er ofte den første kjernen å ta tak i.
I prioriteringsverkstaden samlar vi innsikta og strategien. Vi går gjennom funna frå toppoppgåvene, brukartestane og andre kjelder, bryt strategien ned i mål for løysinga, prioriterer målgrupper og koblar dei til toppoppgåvene. Til slutt velger vi kva kjerner de skal jobbe med først.
I kjerneverkstaden tar løysingane form. Fagfolk, kommunikasjon og utviklarar jobbar saman to og to i kjernepar på tvers av avdelingar. Kvart par jobbar med éi kjerne og seks enkle spørsmål: Kven lagar vi dette for? Kva er dei viktigaste behova? Kva vil verksemda oppnå? Korleis kjem brukaren inn? Kva skal skje etterpå? Kva innhald trengst?
Etterpå har de tydelege prioriteringar, konkrete tiltak med eigarar og ei felles forståing på tvers av fag. Ny måling i Skyra viser om fleire får gjort det dei kom for.
Dette er strategisk innhaldsdesign: prioritere, samarbeide og fikse. Og så halde fram.
Referansar
Eg har hjelpt mellom anna OBOS, Oslo Pensjonsforsikring, Gramo, DFØ, Fysioterapeutforbundet, Psykologforeningen, Fagforbundet, FHF og DOGA med toppoppgåver, brukartesting og Kjernemodellen, i tillegg til mange andre.
Slik kan vi starte
- Kaffiprat. Vi ser på kva de veit frå før, kva de treng å få til og om Skyra allereie er på plass.
- Forprosjekt. Discovery, toppoppgåveundersøking og prioriteringsverkstad, med konkrete anbefalingar. Les meir om forprosjekt med Skyra.
- Vidare etter behov. Brukartest, ekspertevaluering, kjerneverkstader eller fast oppfølging som innsiktspartnar.
Du kan også starte smått, med éi undersøking eller éin brukartest.
Skal de redesigne? Mål før de begynner. Då veit de kva som fungerer i dag og kva de bør ta vare på, og de har noko å samanlikne den nye løysinga med.
Eg gir uavhengige råd. Om Skyra ikkje er rett verktøy for dykk, seier eg det.
Ring 908 70 026, send e-post til are@kjernekaren.no eller book ein kaffiprat, så finn vi ut av det.
Les meir: 7 symptom på at du styrer nettsidene dine i blinde · Dette er strategisk innhaldsdesign · Skyra si kundehistorie om Fagforbundet