110 innhaldsfolk har svart på kva som bremsar dei, og kva som gir gjennomslag hos leiinga. Dei fleste er erfarne og står midt i overgangen frå nettredaksjon til produktteam. Det største hinderet er at resten av organisasjonen ikkje forstår kva innhaldsarbeid er.
Les heile rapporten: Innhald i Norge 2025 →
Hovudfunn
- 83 %: Rolla er i endring. Fire av fem seier jobben har endra seg ein del eller meir dei siste to-tre åra.
- 32 %: Spagaten. Den største gruppa plasserer organisasjonen sin midt mellom redaksjonell og produktorientert arbeidsform. Berre 7 % har fullt produktfokus.
- 2,9: Ytterpunkta slit. Dei med fullt produktfokus rapporterer 2,9 i snitt på gjennomslag, mot rundt 3,5 for dei i midten. Berre dei reint redaksjonelle ligg lågare, på 2,7. Gruppa med fullt produktfokus er lita, berre 8 svar.
- 55 %: Forståing er det største hinderet. Over halvparten peikar på manglande forståing for innhaldsarbeid i organisasjonen. Utdatert teknologi eller CMS kjem sist, med 18 %.
- 81 %: Det alle gjer, skil ikkje. Nesten alle brukar webanalyse, men dei ligg lågare på gjennomslag enn dei 21 som ikkje gjer det. Metodar som tek med kollegaer inn i arbeidet, som brukartesting og toppoppgåver, heng saman med meir.
- 86 %: KI er kvardag. 94 av 109 brukar KI-verktøy av og til eller oftare. Berre 15 % har kryssa av for optimalisering for KI-søk som ein metode dei brukar.
Om utvalet
110 svar etter vasking (122 kom inn), samla inn 6.–29. august 2025. Svara kjem frå folk med ansvar for digitalt innhald: nettredaktørar, innhaldsdesignarar, innhaldsstrategar, produkteigarar og fleire. 63 % har jobba med digitalt innhald i meir enn 10 år.
I rapporten finn du alle diagram og tabellar, sitat frå svara og metoden bak undersøkinga.