Manifest: Kontroll på KI
- 28. feb.
- 4 min lesing
Eit prinsipprogram for kontekstarkitektur
Av Are Halland / Kjernekaren
Februar 2026, versjon 1.0
Kven dette er for
For deg som jobbar med KI kvar dag
Du skjønar at det er nyttig, men slit med å finne forma. Du leitar etter den perfekte prompten, men resultata varierer. Du endar i ping-pong-prompting — sender, får tilbake, sender igjen, kjem ingen stad. Du treng ikkje fleire verktøy. Du treng eit system.
For deg som leiar folk som brukar KI
Du ser at folk eksperimenterer — men ingen gjer det likt. Strategien din forsvinn i siloar. Kvar medarbeidar finn opp hjulet på nytt. Det du treng er ikkje fleire kurs i prompt engineering. Det er ein arkitektur som sikrar at KI-verktøya i organisasjonen din drar i same retning, utan mikrostyring.
For deg som er skeptisk
Du kan hate KI. Du kan kritisere KI. Og det er bra! Men om du ikkje har brukt det — verkeleg brukt det — kan du ikkje forstå det eller påverke retninga det tek. Å sitje på sidelinja er å overlate kontrollen til andre.
Vi står i spennet mellom hype og helvete — og vi treng ikkje meir av nokon av delane. Vi treng å ta tilbake kontrollen.
Kva eg trur på
1. Den perfekte prompten finst ikkje
Du leitar etter den rette formuleringa. Nokon seier du treng ein betre prompt. Andre sel deg eit promptbibliotek. Men prompten er ikkje problemet — det er kvar du startar. Det som trengst er eit system der KI-en allereie veit det den treng å vite — kvar gong.
2. Eit system som fungerer, kvar dag
Eit promptbibliotek er ei oppskriftsbok du aldri lagar mat av. Eit system er eit kjøkken som fungerer. Kvar dag. Ikkje berre når du er heldig. Og eit system som hugsar kva du lærte i går — det er kontekstarkitektur.
3. Dette er arkitektur, ikkje "engineering"
Prompt engineering, context engineering og intent engineering er tekniske perspektiv som held fagfolk utanfor. KI er ikkje eit IT-prosjekt. Eg kjem frå ein annan tradisjon: informasjonsarkitektur. Riktig informasjon, rett stad, rett tid. No gjeld dei same prinsippa for ein ny brukar: språkmodellen.
4. KI «gløymer» — og det er eit kontekstproblem
Kvar samtale startar på null. Du forklarer deg sjølv på nytt. Resultata varierer. Det er ikkje ein feil i modellen — det er kontekstvinduet. Og løysinga er ikkje ein lengre prompt. Det er ein arkitektur som hugsar.
5. KI forsterkar, men du bestemmer
KI er ein forsterkar. Den kan gjere deg betre på det du er god på — eller forsterke feila du ikkje visste du hadde. Nøkkelen er ikkje teknisk kompetanse. Det er å vite kva «godt» ser ut, og det veit du allereie.
6. Kvalitet er ein arkitektur, ikkje flaks
Workslop er polert innhald utan substans, som skapar meirarbeid i staden for effektivisering. Det er resultatet av KI utan kontroll. Anti-workslop er eit designval: kvalitetsportar, verifikasjon, evaluering. Du må byggje inn friksjon der kvalitet krev det.
7. KI lyg, men ansvaret er ditt
KI hallusinerer — og det er ikkje ein feil vi kan vente bort. Det er noko vi må kjempe mot, kvar dag. Systemet ditt må vere bygd for det: verifiser, sjekk kjelder, ha ein menneskeleg kvalitetsport. Bygg ikkje som om KI alltid har rett. Bygg som om den av og til tek feil — for det gjer den.
8. Styring og kontinuerleg forbetring
Definer kva du vil før KI-en startar. Styr undervegs. Etter kvar oppgåve må vi tenke: kva lærte vi, og kor skal innsikten lagrast? Kontinuerleg forbetring krev evaluering og tilbakeføring — utan det startar du på null kvar gong. Med det blir systemet betre for kvar oppgåve du løyser.
9. Det du ikkje deler, kan ikkje skalerast
Når «måten vi brukar KI» sit i hovudet på kvar enkelt person, har du eit systemproblem i organisasjonen. Kontekstarkitektur gjer taus kunnskap eksplisitt — så heile teamet kan jobbe like godt, og organisasjonen kan lære på tvers.
10. Modelluavhengigheit er ein disiplin
Eg brukar Claude Code/Cowork, fordi det er det beste alternativet akkurat no. Men systemet mitt — kontekstfiler, kunnskapspakkar, rutinar — flyttar med meg. Til Gemini, til Mistral, til kva som helst. Prinsippa overlever leverandørbyte fordi dei ikkje er bundne til éin modell. Valg av modell er også eit verdivalg.
11. Du er sjefen – KI er ein medarbeidar
Dei fleste behandlar KI som ein søkemotor dei skriv til. Det er feil. Du er leiar. KI er medarbeidar. Leiarar set retning, delegerer ansvar og kontrollerer resultat. Dei mikrostyrer ikkje kvar setning. Det er forskjellen mellom ping-pong-prompting og eit system som fungerer.
12. Bærekraft er designvalg
KI brukar store mengder vatn og energi. Det er ikkje ein grunn til å la vere, men det er ein grunn til å byggje smart. Bruk tyngre modellar der det tel, lettare der det held. Ikkje 1000 agentar som løper i hytt og pine. Eit system designa for effektivitet er også eit system som bryr seg om konsekvensane.
13. Kvardagsinnovasjon er målet
Målet er ikkje at autonome agentar skal erstatte menneske. Målet er at vi brukar KI til å bli betre og betre dag for dag. Kvardagsinnovasjon hos kvar enkelt — i systematisk samspel — er strategi som skalerer. Det som finst akkurat no er meir enn godt nok — om du brukar det rett. Forståing kjem av bruk. Start. No.
Kva eg byggjer
Eit system der:
Eit system der KI spelar deg god – og omvendt
KI-en kjenner konteksten din og respekterer den
Du kan delegere oppgåver utan å mikrostyre
Kvaliteten er konsistent, ikkje tilfeldig
Systemet blir betre for kvar oppgåve
Alt er portabelt — ingenting er låst til éin leverandør
Eg kallar det for kontekstarkitektur.
Kva eg kjempar mot
Workslop: Polert søppel som skapar meirarbeid
Overautomatisering: Å fjerne mennesket der det trengs
Ping-pong-prompting : Mikrostyring i samtaleformat
Hallusinering: Alternative fakta presentert som sanning
Sløsing: Ukritisk bruk som skapar serverbelastning utan verdi
Passiv apati: Å overlate debatten og styringa til andre
Ansvarsfråskriving: «KI gjorde det» er inga unnskulding
Hype og dommedagsprofetiar: Bruke KI effektivt – no
Kven eg er
30 år med strategi, UX, innhaldsdesign og informasjonsarkitektur. 3 år med eksperimentering og utforsking av kontekstarkitektur, primært med Claude og Claude Code.
Misjonen min er å oversette hype til tidlause, gjenbrukbare prinsipper som du kan bruke til kvardagsinnovasjon.
Eg har gjort det før med kjernemodellen. No gjer eg det same med kontekstarkitektur.
Abonner på nyheitsbrevet mitt for å bli med på reisa.
Are Halland
Kjernekaren
are@kjernekaren.no** / 908 70 026
Book ein kaffiprat
