Hvis du jobbar med nettsider eller intranett kan det være ei naturleg avgrensing å jobbe med ein definert seksjon eller eit temaområde om gongen.
Designsprint
Kjernesprint
Ein effektiv designsprint over 2 dagar med utgangspunkt i kjernemodellen.
Målet for ein kjernesprint er å forenkle, forankre og få framdrift i riktig retning.
Sprinten tar utgangspunkt i eit viktig fokusområde (kjerneområde) som du ønsker å få fiksa.
Det kan til dømes vere eit kontaktpunkt i kundereisen, ein krysskanal innhaldsstrategi eller eit viktig brukarbehov som må løysast.
Eller det kan vere å lage MVP for eit nytt produkt eller å fikse onboardingprosessen for nytilsette i bedrifta.
Sprinten går som regel over 2 etterfølgande dagar, men kan også strippast ned (sjå Kickstart) eller utvidast etter behov.
Etter kjernesprinten vil de ha fått
- Eit nytt perspektiv på utfordringane
- Gjort eit godt stykke arbeid
- Fått kjernemodellen “under huden”
- Auka forankring og eigarskap
- Auka digital modenheit
Kva ønskar du å fikse?
Ein kjernesprint kan i utgangspunktet ha eit kva som helst tema. Her er nokre moglegheiter:
Ein seksjon på nettsidene eller intranettet
Ei viktig landingsside
Nokre nettsider er viktigare enn andre. Har du ei sentral landingsside som treng litt ekstra kjærleik kan du vie heile kjernesprinten til denne. Då kan t.d. dei ulike kjernepara jobbe med ulike målgrupper/personas for den same sida slik at du får fleire innfallsvinklar for prioritering.
Eit produkt, ei teneste eller eit produktområde
Mange trur at kjernemodellen berre handlar om nettsider, men ein kjernesprint kan i utgangspunktet omhandle eit hvilket som helst digitalt eller fysisk produkt eller teneste.
Kjernemodellen er svært fleksibel, og rammeverket kan tilpassast på mange ulike måtar.
Her er nokre dømer:
- Brukaroppgaver kan ta utgangspunkt i Jobs To Be Done
- Vegar inn kan fokusere på scenarier og flyt i staden for SEO
- Vegar vidare kan spissast til å handle om bevaring (retention) og atferdsdesign
- Kjerneinnhaldet kan være ein databasemodell eller ein animert flyt
Book ein kaffiprat, så ser vi korleis vi kan tilpasse modellen til dine behov.
Minimum Viable Product
Hvis du skal definere og lage ein MVP (eit Minimal Viable Product) kan kjernesprint være eit godt format.
Ein typisk aktivitet på fiksedagen kan være å utforme ein “Fake door test” for MVPen.
Innhaldsmodell for headless publisering
Skal du i gang med innhaldsmodellering for eit nytt headless-system? Då kan kjernemodellen være ein god innfallsvinkel.
Ei utfordring med innhaldsmodellering kan være at folk opplever det som litt abstrakt og vanskeleg å få grep om. Når du skal over fra eit tradisjonelt CMS til headless-tankegang kan det difor være ein veldig god øvelse å konkretisere kjernene først, og så bryte ned bestanddelane til komponentar i ein innhaldsmodell.
PS! Visste du at Carrie Hane i Sanity ofte brukar kjernemodellen som ein innleiande workshop før innhaldsmodellering?
Flyt for kjøps- eller donasjonsprosess
Har du ein viktig flyt på nettsidene så henger den sannsynlegvis tett saman med andre kanalar, frå Google og sosiale medier til landingssider, kjøpsprosess og innlogga sider.
Då kan det være lurt å sjå på heile flyten i prioriteringsverkstedet, og la kjerneparene jobbe med ulike kontaktpunkter som heng saman.
Krysskanal innhaldsstrategi
Kjernemodellen er eit godt utgangspunkt for å “prototype” dei viktigaste flatene i innhaldsstrategien og lage bottom-up “mikrostrategiar” som så kan samanfattast i ein overordna strategi.
Fiksedagen kan da bestå i at vi samskriver sjølve innhaldsstrategien, slik at den er klar for høringsrunde i løpet av dagen.
Onboardingprosess
Ein vanleg måte å bruke kjernemodellen er å bruke prioriteringsverkstedet til å definere analoge og digitale kontaktpunkter i kundereisen for onboarding av nye tilsette, og så jobbe med dei enkelte kontaktpunktene i kjerneverkstedet.
Eller du kan jobbe med onboardingprosessen i appen eller i LMS-systemet.
Fysisk produktutvikling
Kjernemodellen er 100% kanaluavhengig, og elementene i modellen kan like gjerne anvendast i industridesign av fysiske produkter, produktutvikling for dagligvareprodukter, osv.
Tidsplan
Her er ein typisk agenda for 2-dagars sprint:
Førebuingar
Oppstartsmøte
Forventningsavklaring: Ønsker, behov og muligheiter.
Gjennomgang av kultur, strategi og brukarinnsikt.
Vi bestemmer kjerneområde, tidspunkt og deltakarar.
Førebuing
Eg setter meg inn i strategien og de de har av brukarinnsikt, og spisser innhaldet i sprinten i tett samarbeid med dykk.
Dag 1 (formiddag) - Prioriteringsverksted
Ein strukturert workshop utvikla av underteikna, der vi går systematisk gjennom:
1. Eksisterande brukarinnsikt
2. Overordna strategi
3. Mål for løysinga (mikrostrategi)
4. Prioriterte brukargrupper
5. Kobling av målgrupper og brukaroppgaver
6. Valg av kjerner for kjerneverkstedet
7. Inndeling i kjernepar per kjerne
Etter prioriteringsverkstedet vil vi ha ei tydelig prioritering og ein klar plan for hvilke kjerner vi skal jobbe med i kjerneverkstedet.
Dag 1 (ettermiddag) - Kjerneverksted
Eit strukturert og effektivt workshopformat utvikla av underteikna. Vi jobbar saman to og to i kjernepar med kvar si kjerne, og brukar eit sett av teknikkar for kreativitet prioritering og deling.
Etter kjerneverkstedet vil vi sitte igjen med tydelege prioriteringar og ein klar plan for hvilke tiltak vi skal jobbe med på dag 2.
Formatet for workshopen er beskrive i boka “Kjernemodellen - et praktisk verktøy for å lage bedre digitale tjenester” (Halland og Halland, Kraft forlag, 2021)
Dag 2 (heile dagen) - Fiksedag
Innhaldet på dag 2 blir bestemt ut fra desse faktorane:
- Hvilke tiltak vi prioriterte på dag 1
- Kva har vi eventuelt planlagt på førehand
- Kva kompetanse har dei ulike deltakarane på dag 2
Typiske aktivitetar for ein fiksedag kan være å
- samskrive/parskrive innhald for nettsider eller sosiale medier
- mikroteste innhald
- sette opp promptar og utforske AI-assistert innhaldsproduksjon
- kome i gang med innhaldsmodellering
- utforme ein innhaldsstrategi
- sette opp ein Fake door test
- prototype eit produkt eller ei teneste
- gjennomføre innsiktsaktivitetar som t.d. dybdeintervju eller brukartesting
Oppfølging
Avhengig av ønsker, formål og budsjett kan vi også definere oppfølgingsaktivetar.
Det vil også være mulig å gå vidare til eit forkorta løp for sertifisering i kjernemodellen som bygger vidare på kjernesprinten.
“Jeg vil anbefale Kjernemodellen utviklet av Are Halland. Den er et enkelt rammeverk for bedrifter til å definere og løse et problem knyttet til digitale brukeropplevelser/produkter. Modellen er lett å forstå og rask å bruke. Samtidig krever den gode forberedelser, en stø gjennomføring og engasjerte deltagere. Mestergruppen brukte Kjernemodellen med Are som fasilitator i en designsprint for å lage en huskonfigurator. Til dette fungerte modellen utmerket og tilbakemeldingene fra deltagerne var positive. Modellen er så enkel at bedriften selv kan benytte den etter en workshop med Are. Ares personlige stil og kunnskaper bidro til å gjøre kjerneverkstedet til en suksess.” Lars-Fredrik Forberg, Direktør Boligutvikling, Mestergruppen AS
Spørsmål og svar
Kva er ein kjernesprint?
Ein kjernesprint er enkelt sagt ein designsprint på 2 dagar med utgangspunkt i kjernemodellen.
Målet er å fokusere, forenkle, forankre og få ting gjort i tverrfagleg samarbeid - så effektivt som mogleg.
Metoden er utvikla av underteikna, og er omtalt i boka “Kjernemodellen - et praktisk verktøy for å lage bedre digitale tjenester” (Halland og Halland, Kraft forlag 2023).
Kva er kjernemodellen?
Kjernemodellen er eit praktisk rammeverk for å lage betre digitale produkter og tenester, utvikla av underteikna.
Metoden består av eit enkelt canvas (kjerneark), eit effektivt workshopformat (kjerneverksted) og ein praktisk filosofi for tverrfagleg samarbeid.
Kjøp boka om kjernemodellen her
Sjå også
Kva er eit kjerneområde?
Kjernemodellen handlar grunnleggande sett om å jobbe med ein og ein viktig ting (kjerne) om gongen.
Eit kjerneområde er eit fokusområde - noko du vil fikse - som kan bestå av ei eller fleire kjerner.
Typiske kjerneområder kan til dømes være:
* Ei viktig brukaroppgave (toppoppgave) som skal løysast
* Ein seksjon av nettsidene eller intranettet
* Ein MVP for eit produkt
* Eit kontaktpunkt i ei kundereise
* Osv
Korleis fungerer eit prioriteringsverksted?
Eit prioriteringsverksted er eit strukturert workshopformat der vi går systematisk gjennom:
1. Funn frå brukarinnsikt - Kva er viktigast for brukarane?
Vi oppsummerer viktigaste funn frå ulike innsiktsaktivitetar som er gjort, t.d. dybdeintervjuer, brukartestar, kundereisekartlegging, toppoppgaveanalyse, spørjeundersøkingar, webstatistikk, jobbkart, osv.
Målet er at alle deltakarane skal ha ei delt forståing av brukarane sine behov, som grunnlag for å utnytte eigen empati til å lage gode digitale løysingar.
2. Overordna strategi - Kva er viktigast for verksemda?
Vi ser på dei viktigaste føringane som er gitt i overordna strategiar. Typiske føringar kan være virksomhetsstrategi, digitalstrategi, innhaldsstrategi, marknadsstrategi, OKR, formålsparagraf, tildelingsbrev, osv.
Målet er at alle deltakarane skal ha ei grunnleggande forståing av den overordna strategien - kva vi prøver å få til?
3. Mikrostrategi - Kva er viktigast for kjerneområdet?
Vi bryter ned den overordna strategien i overkomelege og lett forståelege delar og målbare KPIer. Ein annan måte å seie det på er at vi lager ein mikrostrategi for kjerneområdet.
Denne delen av workshopen tar typisk utgangspunkt i OKR-tankegang (Objectives and Key Results). Vi definerer ein overordna ambisjon (Objective/hovudmål) og målbare delmål (Key Results/måltal) for kjerneområdet.
Målet er at alle deltakarane skal sjå og forstå samanhengen mellom den overordna strategien og kjernene dei skal jobbe med seinare.
4. Prioriterte målgrupper
Vi tar utgangspunkt i strategien og brukarinnsikten, og prioriterer målgrupper for løysinga. Vi kan også bryte ned dei prioriterte målgruppene i brukargrupper og heilt ned i konkrete brukarar (personas).
Målet er at vi skal ha eit tydeleg bilde av kven vi ønskar å nå med løysinga.
5. Målgrupper og brukaroppgaver
Vi tar tak i kvar enkelt prioriterte målgruppe og koblar på brukaroppgavene som vil være mest relevante for kvar enkelt. Her er det også naturlig å trekke inn alt som er gjort av oppgavekartlegging (toppoppgaveanalyse) i brukarinnsikten.
Målet er å ha eit enda betre bilde av brukarane og kva dei ønskar å få til, som kan tene som underlag for å velge riktige kjerner å jobbe med.
6. Valg av kjerner
Med utgangspunkt i alt vi har gjort til no prioriterer vi hvilke kjerner vi skal jobbe med i kjerneverkstedet. Kjerner kan t.d. være ei nettside, ein kjøpsprosess, ein donasjonsprosess, ein onboardingflow, eit analogt kontaktpunkt eller i utgangpsunktet kva som helst.
7. Inndeling i kjernepar
Vi bestemmer kven som skal jobbe saman i kjernepar, og hvilke kjerner dei enkelte skal jobbe med.
Korleis fungerer eit kjerneverksted?
Eit kjerneverksted er eit enkelt, morosamt og effektivt workshopformat utvikla av underteikna. Den grunnleggande strukturen er at vi jobbar saman to og to i “kjernepar” som er sett saman på tvers av team/avdelingar og fagkompetansar i verksemda.
Kvart kjernepar skal jobbe fokusert med ein kjerne, og finne gode svar på 6 enkle spørsmål:
- Målgruppe - Kven lagar vi dette for?
- Brukaroppgaver - Kva er brukaren sine viktigaste behov?
- Mål for løysinga - Kva er det verksemda ønsker å oppnå?
- Vegar inn - Korleis er brukaren sin innfallsvinkel?
- Vegar vidare - Kva vil vi skal skje etterpå?
- Kjerneinnhald - Kva er den enklaste og beste løysinga på brukaroppgaver og mål?
Undervegs kan vi bruke ulike teknikkar som deling, stjeling, HMW, osv. Til slutt skal kjerneparene presentere sine løysingar, og vi definerer i plenum kva prioriterte tiltak som må gjerast for å realisere løysinga.
Kan vi jobbe med fleire kjerner samtidig?
Det er fullt mulig å jobbe med mange kjerner samtidig i sprinten, men du kan også ha fullt fokus på éi kjerne slik at du får mange innfallsvinklar.
Då DNB jobba med redesign av sine nettsider kjørte dei til dømes to ulike prosessar: Den eine workshopen hadde fullt fokus på den viktige kjernen “Boliglån”, mens den andre workshopen tok for seg 10 ulike kjerner på nettstaden.
Kva er forskjellen mellom designsprint og kjernesprint?
Begrepet designsprint visar som regel til “Google designsprint” slik den er forklart i boka “Sprint: How to Solve Big Problems and Test New Ideas in Just Five Days” (Knapp, Zeratsky og Kowits, Simon & Schuster 2016):
“The sprint is a five-day process for answering critical business questions through design, prototyping, and testing ideas with customers.”
Mi erfaring er at ein designsprint passar best når du har ei strategisk utfordring på høgare nivå og vil kjøre ein effektiv innovasjonsprosess der målet er disrupsjon.
Det “tradisjonelle” designsprintformatet passar imidlertid ikkje like godt når du skal forbetre noko eksisterande, eller lage noko så enkelt som t.d. ei nettside.
Andre ulemper er at det er vanskeleg å få deltakarane til å halde av ei heil arbeidsveke til prosessen, og at det blir for lite tid til å gjere skikkelig brukarinnsikt i løpet av sprinten.
delightfuldesignstudio.comWhy Design Sprints Don’t Work: The Problem with SCRUMKnow the reasons for design sprint criticism and when it fails to work with SCRUM. Read on how you can make design sprints work for you.Ein kjernesprint er ein meir effektiv prosess der du kan få gjort mykje av det same som i ein designsprint, samtidig som den kan involvere fleire og gi meir konkrete og anvendbare resultater.
Andre forskjellar er mellom anna at:
* Kjernesprinten går over 2 dagar, ikkje 5
* Ein kjernesprint har ikkje som mål å utfordre den eksisterande strategien, men heller “ta strategien ned på jorda” gjennom konkrete, enkle tiltak
* Det er ei forutsetning for designsprinten at brukarinnsikt er gjort på forhånd
Kva kostar dette?
Ein kjernesprint med meg kostar typisk mellom 79.000 og 120.000, avhengig av behov, omfang, antall deltakarar og grad av skreddarsaum.
Er du klar for å sette i gang?
Ta kontakt, så skreddarsyr vi kjernesprinten etter dine behov.
Alternativt kan du ringe meg på 908 70 026 eller sende ein e-post til are@kjernekaren.no.
Vi snakkast!