top of page

10 argumenter for å velge Skyra

Her er eit knippe argumenter for å velge Skyra som verktøy for datadriven brukarinnsikt og kontinuerlig forbetring av nettsidene dine.

1. Norsk firma står bak

Skyra er ein norsk startup, med norske eigarar og norske utviklarar med tilhaldsstad i Norge. Dette betyr at de støttar norsk næringsliv og gründervirksomhet ved innkjøp av verktøyet. Les meir om gründerane, verktøyet og filosofien bak i denne artikkelen på Shifter: Gründerne går i overskudd etter et halvt år - helt uten investorer


2. Lang erfaring

Jon Gustavsen og Raymond Julin har lang erfaring med utvikling og drift av tilsvarande verktøy. Det var desse to som tidlegare sto bak Task Analytics (som no er solgt til amerikanske eigarar). Personleg har eg vore tett på utviklinga og rådgitt basert på mine 25 års med materien, mellom anna frå 13 år i Netlife Design.


3. GDPR by design

GDPR og europeisk personvernlovgiving er innebygd frå starten, og Skyra har fullt fokus på å støtte norsk lovgiving også framover. Datalagring skjer i Frankrike, og både datalagring og underleverandørar tilfredsstiller kravene i Schrems II. Flagging og sladding av svar med personopplysningar er funksjonalitet som er like om hjørnet.


4. Store kundar

Miljødirektoratet, KLP, Patentstyret, Universitetet i Agder, Vinmonopolet er allereie i gang Skyra, og ei rekke andre store offentlege og private aktørar er like ved å få innkjøpet "gjennom kverna" og godkjent.


5. Pilotkundar kan påvirke

Utviklinga går raskt, og prioritering av vidare utvikling av funksjonalitet vil være basert på krav og ønsker frå kundar. Ved å være tidleg inne som pilotkundar vil de kunne påvirke roadmap i stor grad.


6. Brukaren i sentrum

Visjonen bak Skyra er "å hjelpe organisasjoner å praktisere det de snakker om - å sette brukeren i sentrum av den digitale utviklingen. Vi skal være det beste verktøyet for å involvere (ekte) brukere på en enkel måte, så innsikt blir tydeligere, enklere, og tilgjengelig for flere."


7. Betre styring

Toppoppgaver og gjennomføringsgrad er enkle og gode styringsparametre. Desse to tala fortel det viktigaste du treng å vite for å styre utvikling og drift av digitale flater: 1) Kva er viktigast for brukarane? (toppoppgavene) og 2) Leverer løysingane våre på dette? (gjennomføringsgrad). Enkle tal betyr at det er lett å skjønne for alle i organisasjonen; frå styre og leiing til nettredaktørar og utviklarar.

Les gjerne artikkelen 7 symptomer på at du styrer nettsidene i blinde for meir om dette.


8. Kontinuerlig forbetring

Produktet er tilrettelagt for kontinuerlig forbetring av digitalt innhald i nettredaksjonar og "content operations" i digitale produktteam. Enkelt dashboard med drilldown gjer det enklare å basere drift og utvikling på reell og relevant brukarinnsikt.


9. Strategisk innhaldsdesign

Ein viktig filosofi bak produktet er "strategisk innhaldsdesign" med kjernemodellen. Denne tilnærminga er basert på prioritering utfra brukarbehov og strategi, enkle samarbeidsmetodar for forankring og eigarskap og praktiske måtar å få tiltak gjennomført.


10. Under innkjøpsgrensa

Forprosjektet ligg under innkjøpsgrensa for offentlege anskaffelsar, slik at de får betre tid til å eventuelt sende anbod på driftskontrakt.



bottom of page