top of page

Jobben min, forklart for bestemor


(Setting: Julemiddag)
Bestemor: Kva driver du med om dagen, då?
Ja, no har vi litt god tid før desserten, så det kan eg prøve forklare!

Eg driver jo for meg sjølv, då veit du.

Eg kallar meg for “Kjernekaren”!

Ha, ha, ja du veit, noko må ein jo kalla seg 😀

Og så prøver eg være grei og hjelpe til, då veit du!

Eg hjelper bedrifter og organisasjonar med å skjønne korleis dei skal lage betre nettsider og slikt.

Sånn at det blir lettare for vanlige folk - sånne som deg - og meg, faktisk! - å forstå kva vi skal gjere når vi brukar nettsidene.

Ja, nei, det er ikkje så lett, nei!

For eksempel når du skal betale rekningar i nettbanken, og når du lurer på kor mykje gjeld du har i Lånekassa, og når du trenger hjelp med å finne fram i NAV-systemet.

Eller når du skal kjøpe noko i ein nettbutikk, eller når du vil seie opp eit medlemsskap i ein organisasjon.

Sånne ting.

Og så eg hjelper alle mulige slags firma og organisasjonar med dette her, då.

Eg hjelper alt frå bankar og forsikringsselskap til universiteter og advokatkontor.

Og offentlege etatar - sånne som Lånekassa og Miljødirektoratet.

Og mange frivillige organisasjonar - sånne som Røde kors og Redd barna.

Og så må dei jo spare pengar alle saman, då veit du!

Alle vil jo drive effektivt, sånn at dei brukar minst mulig skattepengar, og at bedriftene får mest mulig igjen for det det kostar å lage gode nettsider og produkter og tenester.

Og når du gir pengar til ein frivillig organisasjon, så er det jo viktig at dei brukar pengane mest mulig på dei dei skal hjelpe.

Og bedriftene vil jo også sjølvsagt tene mest mulig pengar, veit du! 😅

Uansett, alle desse her er jo nødt til å prioritere, då veit du.

Kan ikkje bruke pengane sine på alt mulig!

Då er det viktig at dei brukar dei pengane som dei investerer i nettsidene til å fikse det som er aller viktigast.

Og så må dei faktisk samarbeide for få få det til.

Alle saman!

Alt frå advokatar og saksbehandlarar må samarbeide med dei som faktisk skal lage nettsidene.

For det er faktisk ikkje så lett å lage nettsider heller, no om dagen!

Det er masse teknologi og fagsystemer og greier som må fungere på baksida.

Så då hjelper eg dei med dette her, då.

Og så held eg kurs for dei i korleis dei skal få lag på smarte måtar.

Og så hjelper eg dei i gang med å lage nettsidene og sånn på riktig måte.

For nettsider består jo mest av ord, veit du.

Det treng ikkje å være så fryktelig vanskeleg hvis du klarer å skrive dei riktige orda!

Og så må dei passe på å vedlikehalde nettsidene, sånn at det som står der ikkje er feil.

Og då passar eg på at dei bruker tida si på det også.

Og så hjelper eg dei også med å teste nettsidene, sånn at dei er sikre på at dei fungerar for sånne folk som meg og det.

Visste du at det har eg gjort faktisk meir enn 1000 gongar?

Eg har jo jobba med dette i over eit kvart århundre, så eg har jo lært litt opp gjennom åra!

Blant anna så har eg lært meg alle slags mulige metodar for å få til alt dette her.

Det fins jo hundrevis av dei!

Men å bruke den riktige metoden er ikkje alltid så lett.

Så då passar eg på å gi dei råd om kva for slags metodar som er bra å bruke for det dei held på med akkurat no.

Og så lærer eg dei å bruke ein sånn metode som eg har laga.

Ja, visst!

Det er ein veldig enkel metode, som faktisk alle får til å bruke!

Kjernemodellen heiter den metoden.

Ja, ha, ha, det rimar litt på Kjernekaren :-)

Eg har til og med skrive ei bok om den metoden.

Ja, visst!

Så den boka er faktisk pensum på BI og mange andre universiteter og høgskular.

Sånn at dei som lærer å lage nettsider og skrive på Facebook og sånn faktisk brukar denne metoden når dei kjem ut i arbeidslivet.

Men det er jo ikkje all verdens pengar å tene på den boka.

Så då hjelper eg altså til med alle mulige slags ting.

Men når eg driver for meg sjølv, så må eg jo tene pengar på ein eller annan måte.

Så då meg eg jo selge meg sjølv, også!

Nei, ikkje sånn!

Eg må seie til folka at:

Hugs å ta kontakt med meg hvis du trenger hjelp med å lage gode nettsider og å samarbeide betre og sånn.

Det er berre å sende meg melding og bestille ein kaffiprat.

Ja, for det syns eg er kjempekjekt!

Å prate med folk om kva som er lurt å gjere, og om kanskje eg kan hjelpe til hvis dei treng hjelp med å få det til.

Då sitter vi på video og drikker kaffi og snakkar om kva som er lurt.

Så det håpar eg jo at flest mulig har lyst å gjere.

For det er jo det eg lever av.

Å hjelpe organisasjonar med å lage gode nettsider og tenester og produkter som funkar for vanlege folk.

Så det.

Kva driver DU med om dagen, då?

PS! Lyst på ein kaffiprat? Send meg ein DM, epost til are@kjernekaren.no eller sjekk kalendaren min her :-)

bottom of page